page view image

Familiekonsert: Den BLÅ timen

Songar og forteljingar frå Nordhordland. Familekonsert under Nynorskdagane i Alver.
Med Kjersti Møllerup Wiik, Linda Røyseth Sandhåland og Lovise Espeland (song), Johanna Seim (hardingfele), Laila Kolve (fløyte) og Songkoret Strilongane frå Rossland.

Informasjon
event image

Bli med når me opnar skattekista full av folkesongar og melodiar frå Nordhordaland! Gjennom musikk og forteljingar tek me dykk med tilbake i tid og viser korleis folk levde og tenkte før oss. Korleis var det å vekse opp på ei av øyane her ute, då robåten var framkomstmiddel nummer éin, og bil og straum var ukjende ting? Kva fann ungane på når dei kjeda seg? Og korleis jobba – eller festa – folk for berre hundre år sidan?

Når me veit noko om korleis dei før oss tenkte og levde, får me eit grunnlag for å reflektere over kva som er likt og ulikt før og no. Me trur at gjennom å forstå fortida, kan me òg forstå vår eiga tid betre – og ta klokare val for framtida.

Medverkande:

Kjersti Møllerup Wiik (song)

Linda Røyseth Sandhåland (song)

Lovise Espeland (song)

Johanna Seim (hardingfele)

Laila Kolve (fløyte)

Songkoret Strilongane frå Rossland 


Strilongane frå Rossland er eit barnekor med om lag 25-30 songglade born frå ca 4 år og oppover. Dei vert dirigert av Elin Bratshaug.


Det vert kafé med sal av ukrainske, heimelaga kaker i regi av Frivilligsentralane.


 

 


Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.