page view image

Konsert med Stein Torleif Bjella

Konsert med ein av landets aller største visekunstnarar.

Informasjon
event image

Stein Torleif Bjella er ein av landets aller største visekunstnarar, med ei rekkje utgivingar bak seg, som til saman har hausta fantastiske kritikkar, og skaffa han trufaste fans over heile landet.   

  

Hausten 2023 slapp Bjella det splitter nye albumet Nysetmåne til strålande omtaler. Plata vart etterfulgt av ein lang turné for fulle hus rundt om i landet, som kuliminerte i ein meget utsolgt konsert på Sentrum Scene i Oslo i desember.  

  

Parallelt med dette, sjonglerte Ål-poeten det musikalske arbeidet til teaterforestillinga Heil Ved, basert på Lars Myttings kioskvelter av ei bok. Forestillingen, der Stein Torleif Bjella også bidreg på scena, har blitt spelt for fulle hus på Det Norske Teatret sidan premiera i haust. 

Etter dette har artisten fra Ål i Hallingdal sluppe dei kritikerroste studioalbuma "Gode Liv" og "Øvre-Ål Toneakademi", samt laga et eksperimentelt spoken word improalbum saman med bandet, gjeve ut «Bjellasangar arrangert for messing & tre», eit samarbeid mellom Bjella og Kringkastingsorkesteret, og vunnet Edvardprisen, Prøysenprisen, Skjæraasenprisen og Bendiksenprisen. 

 

"Eg ska kysse so Jesus gret" og "Psykisk kan du vera sjøl", syng Bjella. I musikken hans møtast ytterpunkta: Eit auge ler, eitt gret. Sørgmodig glede og romantisk hjartesorg. Personane, skildringane og fortellingane vi møter i tekstuniverset, var også inspirasjonen til teaterstykket «Kan nokon gripe inn», sett av over tretti tusen, då det vart sett opp på det Norske Teatret i 2017.  

 

Stein Torleif Bjella er i tillegg ein respektert forfattar, og står bak diktsamlinga ”Jordsjukantologien Nr. 1”,  og romanen «Fiskehuset», som begge har hausta strålande kritikkar og kome i fleire opplag. "Fiskehuset" vart nominert til P2-lytterane sin romanpris og mottok Nynorsk Litteraturpris. Romanen er til no oversett til dansk, tysk, nederlands, tjekkisk og færøysk.