page view image

Endre Olsen & Hestehandlarane

Songskattar av Ivar Medaas

Information
event image

Ivar Medaas er ein av dei mest folkekjære og jordnære artistane me har hatt, frå han slo igjennom med visa "Dar kjem dampen” på byrjinga av 60-talet, til han døydde i 2005, femten album seinare. Endre Olsen & Hestehandlarane freistar å pusta nytt liv i Medaas sin store songskatt, med bluegrasslenande besetning, songharmoniar, og meir fokus på den eineståande musikaren enn revyartisten. Konserten var opprinneleg eit tingingsverk til Den forvitnelege Countryfestivalen på Voss i 2022 og sidan dess har Olsen & co reist land og strand frå Riksscenen i hovudstaden til Ole Bull i Bergen.

Endre Olsen & Hestehandlarane er:

Endre Olsen - song, gitar
Ragnhild Kambo Grov - song
Jørgen Sandvik - gitar, mandolin, banjo, song
Roald Kaldestad - gitar, lap-steel, mandolin, song
Anders Bitustøyl - kontrabass, song