Rockesock med Naboen min på Frekhaug
Konsert for heile familien
Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt.
Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. I tekstane finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad. Høyr på songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock, og kom og bli med på moroa!
Bandet har gjeve ut platene «Rockesock» og «Alt blir feil». For plata "Rockesock" mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk. Dei har òg laga musikken til serien Mine ville venner på NRK Super, samt ein EP med julemusikk.
Til Nynorskdagane kjem duoen som trio.